Til Skrift og tale

To dikt av Leif Bjørn Vestad:

 

Dragning

 

Stilt over golvet gjekk ho

mjukt mot ei utstrekt hand,

bøygde seg svakt i sjenanse,

 

lyskjegla bada hennar kinn,

han stod der smilande trygg

i eit halvskuggelys,

 

varme tankar og blikk

drog dei med sin lengt

til dei nådde sitt mål. 

 

Frå diktsamlinga Villstrå av Leif Bjørn Vestad, Skrift og tale 2008.

 

 

Fager kveld

 

Fagraste kveld over strender

solglans på stavstille sjø,

glede for grovslitne hender,

kvile for båten ved stø.

 

Glitrande småbølgjer klunkar,

leikar så kjærleg mot land,

smilande solauga blunkar

avskil med havet i brann.

 

Duftande vakre små blomar

yndige i festkledd drakt

tindrar og lyser kvar sommar,

blussar i haustfarga prakt.

 

Frå diktsamlinga Fotefar av Leif Bjørn Vestad, Skrift og tale 2008.

 

Publisert 22. mai 2008.