Til skriftogtale.no

 

Strev for strengare nynorsk stoppa

 

Kulturministeren har for andre gong på nokre månader stoppa forsøk på å stramme inn valfridommen i nynorsk. Dette er eit tilbakeslag for konservative krefter i målrørsla.

 

I fjor haust gav kulturministeren beskjed om at arbeidet med å endre nynorsknorma skulle utsetjast. Styret i Språkrådet ville trass i dette ta til med å stramme inn nynorskrettskrivinga, og melde frå om dette i desember. No har Språkrådet på nytt fått beskjed om å leggje dette arbeidet på is.

 

Stortingsdebatt om språk

I artikkelen ”Stoggar enklare nynorsk” på nrk.no (28.2. 2008) seier statssekretær Wegard Harsvik at Stortinget skal drøfte saka fyrst. I vår kjem regjeringa med ei språkmelding som så skal opp i Stortinget. Etter dette blir det avgjort kva som skal skje med nynorsknorma.

 

I så vel Aftenposten som i Dag og Tid og i Morgenbladet har nynorsknorma vore debattert det siste halvåret. Ikkje minst har tilhengjarar av ei strammast mogleg nynorsknorm argumentert for synet sitt, med støtte blant anna frå kjende riksmålsfolk.

 

Splitta målrørsle

Eitt av ønska har vore å fjerne ein del av dei orda og formene som nynorsk har felles med bokmålet, og på den måten gjere dei to målformene meir ulike. Ei strengare nynorsknorm vil ifølgje tilhengjarane av ein meir tradisjonell, konservativ nynorsk gjere det lettare å skrive nynorsk, spesielt for dei som ikkje er sterke i språk. Det er eit omstridd syn.

 

Til nrk.no seier Aud Søyland, normeringsansvarleg i Norges Mållag, at ho er glad for at kulturministeren har stoppa arbeidet med nynorskrettskrivinga. Ho seier at ho ønskjer at nynorsken skal famne om både austnorske, vestnorske og nordnorske dialektar. Leiaren i Norges Mållag, Hege Myklebust, er av dei som ønskjer ei strammare norm. Mållaget har landsmøte i april, og det er venta harde tak i denne saka.

 

jpv  28.2. 2008