Til skriftogtale.no

Pilegrimsvegen er Pilegrimsleia

På norsk er vi vane med at institusjonar kan ha fleire namn, som til dømes Noregs Bank og Norges Bank. Men Snøhvit-feltet heiter berre Snøhvit-feltet, og Hardangervidda heiter berre det.

Statens kartverk har no bestemt at eit namn som er problematisk for nynorskbrukarar, og som truleg også smaker vondt for mange bokmålsfolk, skal få ei norskare form. Det er namnet Pilegrimsleden, som av ein eller annan grunn vart arbeidd inn som nemning for pilegrimsvegen mellom Oslo og Trondheim. No kan alle sleppe å bruke det danskklingande namnet, og seie og skrive Pilegrimsleia utan vidare. Det "gamle" namnet kan brukast på bokmål.

Les meir om vedtaket her: Statens kartverk

jpv 29.2. 2002