Skrift og tale

Nynorsk som ein kvalitet i næringslivet

 

I næringslivet kan nynorsken bli nytta til profilering. Her finn vi slikt som informasjon, reklame, oppslag og menyar. Dette får ei bedrift til å skilje seg frå andre - ikkje minst når nynorsk blir brukt. Språkbruken kan vere viktigare enn mange tenkjer over.

 

Av Jon Peder Vestad

 

I næringslivet ser det ut til å variere mye kva vekt det blir lagt på språk, ikkje minst i sørvisbedrifter. Utan at eg har granska språkbruk i næringslivet, har eg eit inntrykk av at det er mye som kunne og burde ha vore annleis. Og nå tenkjer eg ikkje spesielt på bevisstlaus bruk av engelsk, eller det vi kan kalle kreativ språkbruk for å bli lagt merke til. Nei, eg tenkjer på den vanlege språkbruken som vi møter i faldarar, på oppslag, i menyar, i pressemeldingar og på heimesider. Vi hører rett som det er at det blir klaga over språkbruken i media, og eg synest nok at næringslivet slepp for lett unna. 

Med nynorsken som grunnlag

I utgangspunktet meiner eg at til dømes overnattings- og serveringsbedrifter hører til ein bransje der språkbruk ikkje blir tatt alvorleg nok. Kanskje er det ein tradisjon for at språk ikkje er så viktig? For bedrifter som bevisst bruker nynorsk blir dette vanskeleg på to måtar: Det eine er den tradisjonen slike verksemder kan stå i, der språket hører til grunnlaget for at dei i det heile finst. Det vil seie at det finst ei forventning, eller eit krav, om at språkbruken skal vere slik og slik. På den andre sida rekrutterer desse bedriftene menneske som ikkje nødvendigvis har den språklege tradisjonen i årene, som kanskje ikkje har nynorsken i fingertuppane, og som heller ikkje treng vere spesielt opptatt av språk.

 

Det kan hende at eg er vel streng mot næringa når eg meiner at språk lett blir oversett i bransjen. Det kan komme av tidspress, av mangel på rutinar, sjølvsagt av kunnskapsmangel også, og i somme tilfelle av at interessa ikkje er der. 

Ver kry av nynorsken!

Om eg skal gje nokre råd om korleis nynorsk kan brukast i ulike typar informasjon, vil eg fyrst slå fast at til synlegare språkbruken er, til viktigare er han. Det er meir om å gjere at ein set inn krefter på å la kundar og andre møte eit godt språk, enn at all interninformasjon, som vaktlister og beskjedar, er korrekt skriven – og på nynorsk.   

 

Eg vil tippe at ikkje alle i ”nynorske bedrifter” føler seg like vel med å bruke nynorsk. Det må vere greitt. Språket er likevel noko av det mange av kundane hugsar desse verksemdene for. Nynorsken må, skal, bør, kan – vel det som passar - ein ikkje skjemmast over, men bruke han suverent, utan unnskyldningar, utan forklaringar, heilt sjølvsagt – og vere kry av han. Da er det også lettare å bruke nynorsk i alle ytre samanhengar.

Nødvendig med språkrøkt

Med eit avklart og positivt forhold til den kulturtradisjonen ei bedrift som profilerer seg på nynorsk står i, og den rolla nynorsken spelar der, må ein så gjere nokre praktiske val. Vi kan ikkje vente at alle som skriv i bedriftene er like støe i nynorsk. Nokon må ha ansvar for kvalitetskontrollen av det skriftlege materialet som blir produsert. Det er viktig at den som får ansvaret for kvalitetskontrollen, også til vanleg har siste ordet. Det heiter ’kaffi’ på nynorsk, slik er det. For materiale som skal vare lenger, som heimesider og faldarar, kan det vere naturleg å hente inn hjelp utafrå. Det kan vere ein dyktig norsklærar eller ei eldsjel i det lokale mål- eller ungdomslaget, eller det kan vere profesjonelle språkvaskarar. Uansett må det vere folk som har oppdaterte språkkunnskapar; det kan vere ei ulempe med sterke meiningar om språk eller språkkunnskapar som er nokre tiår gamle – og ikkje oppattfriske. Ein fordel med å få hjelp utafrå, er at dei kan sjå ting med friske auge, og til dømes luke vekk bransjeklisjear, internspråk, slurvefeil og slikt som er skrive feil fordi nokon er brennsikre på at det er skrive rett.   

Lokal identitet

Det er vanleg at språk er politikk. Fordi vi lever i Noreg, og kjenner landet vårt best, kan vi lett tru at den norske språksituasjonen er unik. Det er han, like unik som språksituasjonen i andre land. Også det å ha to eller fleire målformer som ligg nær kvarandre, er ikkje heilt uvanleg i Europa. Det finn vi både i Estland, Litauen, Bosnia og i frisisk Tyskland og det retoromanske Sveits.

 

Den valfriheita vi har i norsk, er heller ikkje så spesiell, men ho har kanskje ein tryggare status hos oss enn andre. Eg nemner dette dels som krydder, dels som ein eigen rett: La nynorsken vere tilpassa det lokale målføret. Det vil seie at ein kan syne ein dobbel, språkleg identitet reint språkleg: med nynorsken, og med det lokale talemålsgrunnlaget. Konkret vil dette seie at bedrifta skriv me, verte og bruker a-infinitiv viss ho held til i område der det blir brukt i dialekten, og vi, bli og e-infinitiv dersom dialekten har det. Også i ordtilfanget er det naturleg at de viser identitet på denne måten: Heiter det ball lokalt, så bør det vere namnet på retten – kanskje med andre nemningar i parentes. Når nynorsken blir forma etter det lokale talemålet, må det vere innafor grensene for nynorsk. Det finst ikkje noko ’kun’ eller ’værelse’ på nynorsk, ikkje noko ’spise’ eller ’betjening’.

 

Dette peiker fram mot eit anna poeng: Bruk ordbok! Enkelt, men ikkje fullt så greitt, kanskje. Det er ikkje så greitt å halde styr på alle valfrie former, eller på kva som er innafor eller utafor nynorsknorma. Det er lurt å sjekke ord ein er i tvil om, anten det no er om ordet er ”lov” eller korleis det blir skrive. Språket blir aldri dårlegare på den måten.

Ein marknad for nynorsk

Fleire av dei momenta som er nemnde til no, er knytte til rutinar. Gode språklege rutinar er heilt nødvendige. Skal ein ha ein annonse på trykk, må ein sjekke språket når ein får annonsen frå reklamebyrået. Sjekk språket på heimesidene, i faldarane, i velkomstmapper på hotellrom – over alt. Ja, det gjeld også på kassalappar, fakturaer, kvitteringar og liknande. Og den språklege kvalitetskontrollen må sjølvsagt skje før desse produkta blir publiserte eller tatt i bruk. Ein bør føre inn språkkontroll som eit eige punkt i alle eksterne tekstoppdrag, og spørje reklamebyrået om dei har tilsette som er gode i nynorsk. På den måten blir både marknaden for nynorsktenester større, og reklamebyråa skjønner at dei må ta omsyn til institusjonar som bruker nynorsk. Dårleg språkarbeid kan vere ein reklamasjonsgrunn. Hent inn den gode hjelparen eller den som har ansvaret på huset, også når det er profesjonelle språkvaskarar som har gått gjennom eit manus. Sjølv den beste kan oversjå eller gjere feil.

Nynorsk image som ulempe eller fordel

Det er knytt mange slags haldningar til nynorsken, og ofte har dei eit plussteikn framfor seg i nynorskmiljøa, og kan ha minusforteikn ved seg i andre miljø. Men ikkje nødvendigvis. Det trauste, trege, umoderne, bondske, fjøsprega ved nynorsken kan også vere eit konkurransefortrinn: Det solide, det opphavlege, det naturlege, det miljøvennlege, det tradisjonsrike… For dei som har sansen for slike verdiar, kan nynorsken ubevisst vere ein av dei faktorane som gjer at dei heller til dømes vel ei kaffistove enn ein hipp serveringsstad som går konkurs om to år. Men for andre – vel, det skader ikkje å overraske. Nynorsken blir akkurat så kul som vi gjer han til. Derfor må ein kunne bruke nynorsk til absolutt alt, også det mest tidsriktige, populære, døgnflueaktige. Her er vi attende ved eitt av dei fyrste poenga: At vi må vere krye av nynorsken.  Og for all del: Be aldri om unnskyldning for å bruke nynorsk. For ei bedrift med nynorsk som profileringsspråk er det er det same som å be om unnskyldning fordi å vere til.

Språk og kvalitet

I nynorsken som blir brukt i næringslivet kan rettskrivinga vere så ymse. På ein måte er ikkje dei fleste feila alvorlege, fordi dei ikkje hemmar forståinga. Folk skjønner det som står. Men – mange vil også bevisst eller ubevisst leggje merke til feila, slik at dei fungerer som det vi kallar kanalstøy. Dårleg språk kan signalisere dårleg arbeid. Dersom ikkje den språklege standarden er god, korleis er det da med kvaliteten elles? Det treng ikkje vere nokon samanheng, men slurv og likesæle blir lagt merke til av mange.

 

Mange av dei feila vi ser i annonsar og anna marknadsføring – som  i andre tekstar på nynorsk, har opphav i bokmålet og i mangelfull kjennskap til nynorsk rettskriving og språktone. Det er ikkje merkeleg, all den tid bokmålet dominerer. Dermed veit vi også at vi må vere spesielt på vakt mot denne typen språkinnslag når vi skriv. Det krev kunnskap, som kjem mellom anna ved eit kritisk blikk og ikkje minst øving. Godt språk er eit konkurransefortrinn, og god nynorsk kan vere ein kvalitetseigenskap ved profileringa. Ikkje mindre! 

                                               post@skriftogtale.no (c) Skrift og tale 2008