Til skriftogtale.no

Minoritetsmeisterskap utan samar

 

Det samiske fotballandslaget er ikkje blant deltakarane når den fyrste europeiske fotballturneringa for minoritetar blir arrangert i vår. Meisterskapen heiter Europeada 2008 og samlar til saman tjue lag.

 

Det er The Federal Union of European Nationalities (FUEN), den retoromanske språkorganisasjonen Lia Rumantscha og ein reiselivsaktør som står bak denne fotballturneringa. Dei tjue deltakarlaga skal spele cup etter same mønster som europameisterskapen i fotball, med avspark 31. mai og finale 7. juni. Denne minoritetsmeisterskapen blir dermed spelt rett før europameisterskapen, og arrangørane håper at det kan vere med på å auke interessa både for turneringa og for minoritetsspråka.

 

Minoritetsturneringa blir spelt i kantonen Grischun i Sveits. På tysk heiter kantonen Grischun Graubünden

Her blir det romanske språket retoromansk brukt, og i 2000 var det 35000 som hadde det som hovudspråk, ifølgje nynorsk Wikipedia. Retoromansk er i slekt med ladinsk (ladino), som blir brukt i delar av Sør-Tyrol i Italia. Retoromansk har tidlegare også funnest i Austerrike, og har status som offisielt språk i Sveits. 

 

Sjølv om vi ikkje finn språkminoritetar som samar og finlandssvenskar i turneringa, så er likevel Norden representert. Den tyskspråklege folkegruppa i Danmark er med, og likeså dei danskspråklege i Schleswig-Holstein. Dei sistnemnde spelar i gruppe med arumenarar frå Romania, slovenarar frå Italia og katalonarar frå Spania. I gruppe èin finn vi Wales, retoromanarar frå vertslandet og tyskspråklege frå Polen og Ungarn. Det vil ikkje overraske om vinnarlaget er å finne i denne gruppa.

 

Les meir her: www.euromin2008.net/

 

eurolang.net/jpv  28.2. 2008