Til Skrift og tale

 

Mangfaldet i nynorsken

Den nynorsken vi møter i media i dag, har mange fargar og mange tonar. Slik har det vore omtrent frå da NRK starta i 1933. Fargespekteret har vorte breiare og tonane fleire enn da Arthur Klæbo snakka med tydeleg dialekttone sist på 1930-talet, og det skal vi vere glade for. 

Av Jon Peder Vestad

Samstundes er sjangrane vorte fleire, og folk frå nye miljø har vorte rekrutterte, og det har styrkt mangfaldet. Dette er ein fordel, men det har også ei anna side. Det har jo også skjedd andre ting dei siste generasjonane som har prega språkbruken. Folk flyttar meir på seg, og fleire snakkar talemål som er prega av det. Det individuelle har fått meir rom, og dermed er det meir akseptert enn før også at folk formar språket meir fritt. Dessutan er bruken av dialekt meir akseptert enn tidlegare. Alt dette pregar sjølvsagt korleis nynorsken i etermedia er og blir. Nynorsken på lufta er meir enn den språkbruken nynorskfolk bruker i nyheitssendingane, som nok er prega av dialekt, men i hovudsak rettar seg etter reglar for skriven nynorsk. Vi finn også tydeleg dialektprega nynorsk, og vi finn nynorskprega dialekt. Grensene er ikkje alltid like lette å dra. Og her er det at mange har vanskar. Eg skal peike på nokre.

a) Folk er usikre på kva som er dialekt, og kva som er nynorsk. Retningslinjer for det finn vi i ordbøker og i rettleiingshefte. Dei er til for å brukast.

b) Mange vekslar mellom ulike oppgåver, har ein travel arbeidsdag, og får ikkje tid til å konsentrere seg om språket. Det fører til at det språklege blir nedprioritert, og så går det på eit vis lell.

c) Sia vi lever i ei tid der individuell fridom blir høgt, er det mange som glømmer at språket dei bruker i media ikkje er noka privatsak. Språkbruk i media er i høgste grad offentleg, det er med på å prege det inntrykket folk får av den aktuelle institusjonen. 

Eg har inntrykk av at mange kvir seg for å sjekke ordboka eller spørje andre til råds. Reint konkret gjev dette to moglege utslag som eg straks skal komme inn på. Fyrst må eg berre minne om at nynorsk har ein annan tradisjon for korleis det normerte språket skal vere enn bokmålet. Bokmålet har ein sterk og ganske klar normeringstradisjon, og det har geografiske og sosiale miljø med språkbruk som støttar ei viss bokmålsnorm. For nynorsken sin del har det individuelle draget vore der frå starten, banda til talemåla har vore viktige, og nynorskbrukarane har vore interesserte i å gjere nynorsken til sin. Mangfaldet finst der altså i utgangspunktet.

Utslaga av denne tradisjonen, i samvirke med endringar i samfunn og kultur, i arbeidsforhold og mentalitet, har gjort at nynorskbrukarane lett kan bli usikre på si eiga målform. Sia bokmålet dominerer, kjem det da lett inn bokmålsdrag inn i nynorsken. I somme tilfelle meiner eg at det ikkje er nynorskbrukarane som har feil, men målforma som kan vere for trong - spesielt på den måten at utbreidde ord er "forbodne". Det andre eg vil nemne, er at mange som soknar til nynorsken, glømmer å stø seg til nynorsken når dei snakkar dialekt. Dei bruker eit språk som kan verke inkonsekvent, og som kan bere preg av formuleringar som ikkje passar med språktonen deira elles. Men likevel: Nynorsken har mange stemmer, mangfaldet lever, og det vil gro enda betre når folk føler seg trygge på at språkbruken deira er god.

Nynorsken endrar seg ikkje så fort som mange lett kan tru eller ønskje. Eg ser eit par utviklingsdrag som eg vil nemne, og det eine er bruken av passiv i verb. Eg har ikkje undersøkt i kva grad passivformer av verb blir meir brukt i Noreg no enn for nokre år sia, men eg ser ikkje bort frå at det er tilfelle. Sia passivbruk har gode levekår i bokmålet, får dette også følgjer for nynorsken. Derfor får vi nye verbformer som ”vi sjåast”, danna etter ”vi sees”, og dette er i strid med reglane for nynorsk. Eg trur at den auka bruken av passiv, og bruk av passiv i tilfelle der nynorsken har hatt aktivformer, eg trur at det er noko som dei som formulerer reglane for nynorsken etter kvart må ta alvorleg. Nok ein gong: Det er ikkje alltid språkbrukarane som gjer feil, det kan også finnast manglar ved språket.

Det andre er utviklinga av nynorsknorma. I 2002 var det ei høring om dette, og Norsk språkråd drøfta det på møtet sitt vinteren 2003. Både bokmål og nynorsk skal gjerast enklare, ein del av mangfaldet skal fjernast, og da såg eg at ein del språkdrag som er innarbeidde i nynorsken skulle fjernast. Det vart ikkje gjort noko vedtak, og godt er det. Men dersom reglane for nynorsk skulle stengje ute former som er lov i dag, og som mange mediefolk bruker, da vil det vere uheldig for nynorsken. Det er nok mange som ønskjer ein strammare og klarare nynorsk i teorien, men i praksis vil dei gjerne halde på hjerteformene sine. Alt i alt peikar dei i retning av eit mangfald.