Kriminelle klisjear  

Når ein ikkje finn andre måtar å ordleggje seg på, er klisjear betre enn stotring eller ein ordrikdom som innhaldet druknar i. I kriminalsaker finn vi ein del gjengangarar som det slett ikkje er uråd å unngå. Dels er dei for klisjear å rekne, dels er dei også upresise.

 

Det er slått full drapsalarm: Politiet melder om drap og har slått alarm fordi det har skjedd eit drap. Men det finst ingen halv alarm!

Full utrykking:  Politiet har rykt ut, det vil seie har fare til staden. Noka halv utrykking finst ikkje.

Full uniform: Politifolk går anten i uniform eller i vanlege klede. Ei blanding er ikkje godtatt.

Rassia/razzia: `Ransaking' er eit nøytralt, dekkjande ord; jf. også undersøkje og saumfare.  Ordet rassia kjem frå eit arabisk ord som tyder 'plyndringsferd, straffeekspedisjon' , og kan gje assosiasjonar til brutale politiaksjonar vi kjenner frå film.

Forhøyr/forhør, å forhøyre/forhøre:  Det formelt rette i dag er å avhøyre i eit avhøyr. Andre omgrep vi kan bruke, er (vitne-)utspørjing, (kryss-) eksaminasjon og rettsforklaring.

"Politiet har slått ein jernring rundt sentrum": Politiet har stengt av eller sperra av området, og nokon ring av jern er ikkje å sjå. Overført tyder 'jernring' ein ”særs sterk ring, kjede av forsvarsverk, av væpna styrkar, politi o. l." ifølgje ordboka.

"Politiet var væpna med hjelm, skjold og køller":  Vi må hugse at iallfall hjelm og skjold er verneutstyr, og somme reknar kanskje køller som det òg.

 

jpv

 

Kjelde: Action i hver formulering av Kenneth Didriksen, Journalisten 25.2. 2000