Ei lita hugseliste:   

 

Generelt:

Sjekk alle uttrykk du er usikker på, og gjer det straks!

Form tekstane dine så dei er konkrete og tydelege.

Legg vekt på å få fram samanhengar og årsaker i det du skriv.

Forklar vanskelege omgrep og uvanlege framandord som må med i teksten.

Unngå uttrykk og formuleringsmåtar som skaper avstand mellom deg og mottakarane.

Ikkje bruk ord og uttrykk som hemmar eller hindrar formidlinga.

Bruk avløysarord/fornorskingar heller enn ord med utalandsk drakt og uttale.



I skrift:

Hald deg til dei rettskrivingsreglane som finst for bokmål og nynorsk.

Bruk gjerne tillatne former i bokmål og nynorsk som samsvarer med talemålet ditt.  

Spar dei ufullstendige setningane til dei gongene du skriv lyrisk!

Ikkje skriv for korte eller for lange setningar.

Bruk gjerne retteprogrammet du har på datamaskina di, men ver kritisk.

Hugs at rettskrivingsfeil ofte er svært lette å oppdage - for andre ...



I tale:

Det er ikkje gale å la det skinne gjennom kor du kjem frå!

Form språket slik at det passar deg – men ta omsyn til den eller dei du snakkar med.

Unngå dialektuttrykk og uttalemåtar som er ukjende eller vanskelege å forstå.

Snakk tydeleg! 

 

Av Jon Peder Vestad