Til Skrift og tale 

Nytt hjelpemiddel i sørsamisk

 

Lule- og nordsamisk har nyss fått det, no følgjer sørsamisk etter: Språket får elektronisk stavekontroll.

 

Prosjektleiar Sjur Moshagen seier til Sagat at dei reknar med å bruke tre år på å utarbeide ein sørsamisk stavekontroll. Programmet skal vere gratis, og skal kunna brukast i blant anna Word. Frå før finst det færre digitale hjelpemiddel for sørsamisk, så dette korrekturverktyet blir ein kjærkommen tilvekst. Stavekontrollane for lule- og nordsamisk kom i 2007.

 

Sørsamisk er eit truga språk, med berre om lag 500 brukarar. Dei bur i Nordland, Trøndelags-fylka og Hedmark, og i tilgrensande område i Sverige. Tidlegare har språket vore brukt på Nordmøre og rundt Dovre, opplyser Wikipedia. Språket har offisiell status i Snåsa kommune, der vi også finn ein av de sørsamiske skulane.

 

(26.2. 2008)