Kva kjem namnet Guren av?

Musikaren og songaren Guren Hagen har eit sjeldant fornamn. Dette namnet er ikkje så lett å bli klok på, om ein da ikkje har tilgang til Norsk personnamnleksikon.

I personnamnleksikonet finn vi dette:

"Gurin (Guren)  m, nyare namn, laga som avl. til GURINE. Litt brukt i Nord- og Midt-Østerdalen frå midten av 1800-t. til mellomkrigstida, elles svært sjeldan. Kjell Aukrusts figur Guringuten i "Flåklypa" og boka "Gurin med reverompa" (1991). Variant GOREN, dessutan avl GORENIUS (Nes i Akersh) til GORINE."

I namnestatistikken til Statistisk sentralbyrå finn vi at det er sju menn i Noreg som heiter Guren, og fire av desse har Guren som einaste fornamn. Dei tre andre namna, Gurin, Goren og Gorenius, er det tre eller færre nolevande som ber – det vil seie kanskje ingen.

Kva så med Gurine? 156 kvinner har dette namnet, 23 heiter Gurina. Goro er det 45 som heiter, og Guri ikkje færre enn 2626. Guri kjem av Gudrid, som førti norske kvinner heiter. (Tala er ikkje ferske.) 

jpv