Skrift og tale

Svensk i Estland

 

I hundrevis av år har svensk vorte snakka i Estland. Da andre verdskrigen braut ut, var det om lag 8000 estlandssvenskar i landet. Nå reknar ein med at det berre er att eit par hundre som snakkar det gamle estlandssvenske språket. Men - ei ny "svenskebølgje" er på veg.

 

Av Jon Peder Vestad

 

Det har budd folk som snakkar svensk i Estland iallfall sia 1300-talet. Dei fleste budde på øyane langs vestkysten og områda på fastlandet innafor. Dei var for det meste bønder og fiskarar, og levde dels i eigne bygder, dels som minoritet i estisk-dominerte byar og grender. Da andre verdskrigen braut ut, flykta dei fleste estlandssvenskane over til Sverige, saman med andre estarar. I dag bur det 25 000 estarar i Sverige, og ein del av desse har svenskspråkleg bakgrunn og iallfall dei eldste snakkar ein litt alderdommeleg svensk som blir kalla sverigeestisk..

 

Dialektane døyr, språket er gjenoppliva

Dei estlandssvenske dialektene står i fare for å døy ut i dag. Årsakene er fleire. For det fyrste vart dei svenskspråklege samfunna i Estland rykte opp med rota av krigen, og det førte til at det ikkje fanst noko miljø å bruke svensk i for dei som vart att. Den andre årsaka er at dei som kunne svensk, i mange tilfelle ikkje turde vise at dei hadde eit anna morsmål enn estisk eller russisk i Sovjet-tida etter krigen. Språket vart i svært liten grad ført vidare til nye generasjonar av dei som kunne ha gjort det, - det var for farleg, og verka kanskje også meiningslaust. Det var ikkje noko som tyda på at svensk hadde noka framtid i Estland.

 

Men det hadde det. Etter glasnost og frigjeringa frå Sovjetsamveldet, har Sverige vorte ein viktig nabo for Estland. Dermed har også svenskkunnskapar vorte ettertrakta. Andres Pihel er ein av dei som har funne tilbake til dei estlandssvenske røtene sine, og har lært seg språket på nytt. Andres og andre yngre estarar som lærer og bruker svensk, må i hovudsak gå om rikssvensk for å lære språket, sia svensk som levande talemål har vore så svakt og usynleg i Estland dei siste tiåra. "Svensk-bølgja" i Estland er rikssvensk, ikkje estlandssvensk. 

 

Estlandssvensk tilhører dei austsvenske målføra, saman med finlandssvenske målføre. På grunn av at dei estlandssvenske målføra vart brukt i samfunn med lita kontakt med Sverige, har dei halde på mange gamle dialektdrag. Dei som talar "rein" estlandssvensk vil berre delvis kunna bli forstått av folk som snakkar moderne sverigesvensk. Språkforskarar deler dei estlandssvenske områda inn i fleire dialektområde. Truleg er det ikkje så mange som eitt hundre menneske som snakkar estlandssvenske målføre i Estland i dag, og nokre hundre i Sverige.  

 

Dei gamle estlandssvenske områda var Runö (Ruhnu), Dagö (Hiumaa), Ormsö (Vormsii), Nuckö (Noarootsi), Sutlep (Sutlepa), Rickul (Riguldi), Odensholm (Osmussaar), og nordvest i landet, i Harju-området: Nõva, Vippal-Kors (Vihterpalu-Risti), Korkis (Kurkse), Rågö (Pakri), og dessutan på øya Nargö (Naissaar) ved Tallinn. Dei byane som har hatt ei større svenskspråkleg befolkning er Hapsal (Haapsalu) og Tallinn, som estlandssvenskane kalla Reval. Om vi går lenger attende i tid, fanst det au estlandssvenskar på Saaremaa, sør på Länemaa, aust på Harjumaa og i dei vestlege delane av Virumaa.

 

Rik historie

Dei få hundre estlandssvenskane som framleis beherskar det gamle talemålet, har ei rik kulturhistorie å sjå attende på. For å ta den næraste historia, så hadde estlandssvenskane eigne meinigheiter og kyrkjer, eigne skular, eit gymnas og ein folkehøgskule. Svenska Folkförbundet samla folkegruppa, og avisa Kustbon (kystbuaren) vart gitt ut på svensk. Estlandssvenskane var vende mot Norden.

 

Korleis kom dei dit?'Estlandssvenskane er ikkje etterkommarar av vikingar som drog i austerveg, men mest sannsynleg svensktalande som flytta til landet frå Finland. Dei busette seg også langs estlandskysten omtrent på same tid som dei svensktalande for alvor slo rot i Finland, frå 1200-1400-talet. Stadnamn, dialektdrag og andre kulturminne tyder på det same. Fyrste gong svenskar er nemnde på estisk jord, er i ei bylov frå Haapsalu i 1294. Dei fyrste områda dei svensktalande busette seg i, var åtte av kyrkja.

 

Skiftande levekår

I fleire hundre år var estlandssvenskane underlagde svensk lov, og hadde andre rettar enn dei estiske naboane sine. Estarane vart gjort liveigne, medan estlandssvenskane fekk halde på nokre rettar og ei viss friheit. Kyrkjelege eigedommar som estlandssvenskane budde på og dreiv vart tekne over av tysk-baltisk adel da Den tyske orden fekk herredømmet i Estland. Landherrane behandla dei svensktalande like dårleg som dei behandla estarane. Heller ikkje da Estland vart lagt under russisk styre, fekk estlandssvenskane det betre. Dei forverra levekåra førte til mye ufred mellom estlandssvenskane og dei skiftande makthavarane og adelen, og der estlandssvenskane ikkje greidde å halde ei nokolunde sterk stilling, sklei dei raskt inn i den estiske befolkninga. Svenskane på Hiumaa utvandra på grunn av forfølgjinga.

 

I 1816 gav ein landreform estarane visse rettar, men estlandssvenskane fekk framleis ikkje mulegheit til noka form for sjølvstyre, skuledrift og liknande. Ei viss oppmjuking skjedde midt på 1800-talet, men det var fyrst i dette hundreåret at estlandssvenskane fekk betre levekår att. Da den frie estiske republikken vart oppretta etter at tsarveldet fall i 1917, fekk estlandssvenskane ein eigen minister.

 

Kulturell friheit før krigen

I 1925 tok ei lov om kulturelt sjølvstyre til å gjelde, ei lov som var eineståande i Euuropa på den tida. Dei svensk- og russiskspråklege minoritetane hadde for dårleg råd til å kunna utnytte dei mulegheitene denne lova gav. Likevel hadde den vesle folkegruppa tjue grunnskular, vaksenopplæringskurs og eitt gymnas da den andre verdskrigen braut ut.

 

 I 1939 vart Estland tvunge av Sovjetsamveldet til å la sovjetstyrker ha militære basar på nokre av dei øyane som dei svenskspråklege budde på. Innbyggjarane laut flytta, og i 1940 vart Estland innlemma i Sovjetsamveldet og forfølgjinga av statstilsette, lærarar og andre i viktige stillingar tok til. Også dette tappa det vesle svenskspråklege samfunnet. Da krigen mellom sovjet og nazi-Tyskland tok til i 1941, vart estlandssvenskar skrivne inn i sovjethæren. Da tyskarane okkuperte Estland, flykta mange til Sverige for å sleppe å kjempe på tysk side. I 1943-44 rømte fleire tusen estlandssvenskar til Sverige, og i alt flykta 7000 svenskspråklege frå heimlandet til Sverige i krigsåra.

 

Hard etterkrigstid

Da den andre verdskrigen var omme, budde det att om lag 1000 estlandssvenskar i Estland. Skulane deira var stengde, og mange hadde mista heimane sine. Dei kunne heller ikkje drive med dei yrka som hadde vore vanlege i "svenskebygdene", sjøfart og kystfiske. Det vart forbode, og gardbruka deira vart lemma inn i digre kollektivbruk. Det vart au uråd å halde kontakt med slektningar i Sverige. Men som ein gest - kanskje - for dei svenskspråklege estarane i Sverige og Estland, hadde Radio Tallinn i mange år sendingar på svensk. I folketeljinga i 1959 var det 435 som gav opp at dei var estlandssvenskar, i 1970 254 og i 1979 297. Ved folketeljinga i 1989 var estlandssvenskane den 27. største folkegruppa i Estland - det vil seia ei av dei minste.

 

I dag lysnar det for det svenske språket att i Estland. Svenske handelsinteresser er aktive i landet, og det er behov for folk som snakkar svensk. Også menneske som har måtta skjule det estlandssvenske opphavet sitt, har teke fram i lyset att den svenske kulturarven sin. I 1993 gjeninnførte Estland lova om kulturelt sjølvstyre, og estlandssvenskar, jødar, latviarar, Baltikum-tyskarar og russarar står i ei særstilling blant minoritetane i landet. Ved universitetet i Tartu blir det undervist i svensk, og det blir forska på estlandssvensk språk og kultur. Dessutan har estlandssvenskane fått sitt eige kultursentrum, kyrkja på Ormsö er restaurert og i Tallinn er ei svenskspråkleg meinigheit verksam att. Talet på menneske som snakkar svensk i Estland ligg på slutten av 1990-talet om lag der det var rundt krigsutbrottet, på 8000.

 

Artikkelen byggjer for det meste på artiklar skrivne av Jüri Viikberg og Ain Sarv, Estisk institutt i Pärnu. Meir om estlandssvenskane kan ein finne på http://www.einst.ee.

 

                                               post@skriftogtale.no (c) Skrift og tale 2008