Til Skrift og tale

 

Ei ekte (?) språkgrense

Lengst sørvest i Danmark ligg den vesle landsbyen Rudbøl attmed elva Vidå. Det vil seia – på den eine sida av elva ligg Rudbøl, på brua står det grenseskilt til Tyskland, og dermed er vi i den tyske landsbyen Rosenkranz. Nesten. For på den tyske sida er det ein liten flik Danmark. 

Av Jon Peder Vestad

I dette flate landskapet var det kampar mellom Danmark og Tyskland på 1860-talet, og landområde som tidlegare hadde hørt til Danmark, vart lagde under Tyskland i 1864. Etter fyrste verdskrigen skulle ein internasjonal grensekommisjon gå opp grensene mellom dei to landa på nytt. I denne kommisjonen var det med folk frå Tyskland og Danmark, og frå Japan, England, Frankrike og Italia. 

Gardbrukaren Anton Nielsen greidde å få garden sin lagd under Danmark, sjølv om garden hans låg på feil side av elva. Det fortel eit oppslag på veggen til den danske grensekontrollen på staden. Nielsen hadde støtt drømt om å få høre med til Danmark, og oppsøkte grensekommisjonen for å høre om det kunne vera muleg: 

"Ja, , sagde japaneren – ham der kom lengst borte fra – "hvor mange hektar land drejer det sig om?" Han tenkte jo nok, at det var jord, det drejede sig om og ikke, at det var en hjertesag. "Ca 200 ha (hektar), tror jeg", lød Anton Nielsens svar. "Nå, så småligt ser vi ikke på det i Japan; men hvad med dine naboer og genboer?"

Jo, Anton Nielsen mente, at de fleste på hans side af vejen ville være danske, men på den anden side af gaden lå kroen, og selv om de var gode naboer og talte dansk, ligesom alle her i gaden – så vidste han ikke, om de ønskede at komme med til Danmark.

Japaneren talte med de andre i kommisionen, som han flere gange havde gjort, og så sagde han til Anton Nielsen: "Nu får I lov til at have en lille privat afsteemning her i gaden, og så ser vi resultatet". Og det fik de så lov til.

Resultatet blev syv tyske og fem danske stemmer; men foruden dem, der havde stemt, var der to koner, hvis mænd var faldet i krigen. De to enker ønskede at komme med til Danmark, men af hensyn til deres krigsrente havde de ikke vovet at skrive under. 

Kommisionen forhandlede nu igen, og så sagde japaneren: "Nu vil vi skapbe verdens mærkeligste grænse, hvor mennesker – ja et enkelt menneske – får sit livs store ønske opfyldt." 

Dette førte til at garden som Anton Nielsen åtte, ligg i Danmark, og på den andre sida av gata ligg kroa, i Tyskland. Når ein kjem frå Rudbøl og dreg over Vidå, møter ein fyrst den danske grensekontrollen, og eit gradsbruk og nokre andre hus ligg rett attmed. Ei raud stripe markerer grensa, og nokre tital meter lenger ned i gata kjem ein til den tyske grensekontrollen, og der skiftar staden namn frå Rudbøl til Rosenkranz. Ikkje verre enn det!