Til Skrift og tale

Debuterer med to samlingar dikt

 

Med diktsamlingane Villstrå og Fotefar debuterer Leif Bjørn Vestad som lyrikar. Ifølgje forfattaren er dette kvardagslyrikk med livet i menneskesinn og natur som hovudemne.

 

Leif Bjørn Vestad er frå Bud i Romsdal. Han har i mange år budd og arbeidd i Molde, dit han flytte etter ein del år i Gausdal i Gudbrandsdalen. Heilt frå ungdomstida har Vestad skrive lyrikk, og ein del av dikta har vore på trykk i ulike aviser og tidsskrift. No er dei samla.

 

Vestad skriv det han kallar kvardagslyrikk eller tankespinn i lyrisk form, gjerne med inntrykk frå naturen og menneskelivet som motiv. I Villstrå er kjærleik og levd liv det sentrale, og her finn vi også dikt for og om barn. Lyrikaren skildrar livsvegar med sidespor, leiting og lengt, livslyst og glede, men skriv også om motgang og sorg. Naturlyrikk dominerer i samlinga Fotefar, med motiv ikkje berre frå kysten, men også frå skog og fjell i innlandet. I ein del av dikta finn vi ein åndeleg dimensjon. Desse "tvillingbøkene" er som tvillingar kan vere, meiner forfattaren, både like og ulike.

 

Debutanten Vestad er fødd i 1934, utdanna lærar i Volda og har det meste av yrkeslivet arbeidd i ungdomsskulen. Tidlegare har Leif Bjørn Vestad publisert stoff om lokalhistorie, slektshistoriske emne og stadnamn. Det er det nye forlaget Skrift og tale i Volda som gir ut bøkene, og ei tredje samling dikt frå same mann er under arbeid.

 

 

Leif Bjørn Vestad:

Villstrå

Skrift og tale 2008

82 sider

ISBN 978-82-92954-00-3

 

Leif Bjørn Vestad:

Fotefar

Skrift og tale 2008

79 sider

ISBN 978-82-92954-01-0

 

Pris: 130 kroner per bok pluss frakt, som kostar 23 for både ei og to bøker . Bøkene kan tingast hos forlaget, post@skriftogtale.no.

 

Pressemeldinga er lagd ut 22.5. 2008.