Skrift og tale

Anglisismar i norsk

 

Det er ikkje rart om det kjem inn ord frå engelsk i norsk. Men det er uheldig om bruk av engelske uttrykk er eit teikn på at ein ikkje kan ordleggje seg på norsk, eller ikkje bryr seg med å prøve. 

 

Av Jon Peder Vestad

 

Verst er det om lån frå engelsk og innslag som kan sporast attende til engelsk syner ustøe kunnskapar i norsk, og det på ein slik måte at det skader bodskapsformidlinga. Mange mottakarar kan bli usikre på kva som er meint når det blir brukt ord dei ikkje er fortrulege med. Her er nokre anglisismar og engelskspor som er funne i norske medium:

 

"worst case-scenariet": det verst tenkjelege

"og nådde med det all time high": og nådde med det den høgaste (prisen, kursen) nokon gong

"det endte med at Virgin signet Lene Marlin": …Virgin skreiv kontrakt med….

"vår misjon her er å…"; "det var ikke vår misjon": oppgåva vår er å….; det var ikke vår oppgave

"Presidential decret": forordning, påbod frå presidenten

"Trenger du å downloade mIRC programvare, kan du gjøre det her!": trenger du å laste ned…

"som begge har blitt playlistet på radio": har havna på norske spillelister/musikklister

"live … og backstage": på konserten …og bak scena 

"den amerikanske singer/songwriter:  den amerikanske musikkmakeren, musikkskaperen, viseforfatter og -sanger (alt etter kva artisten gjer)    

"kva slags kondisjon fisken er i": kva slags form/tilstand fisken er i

"bør det innføres en environemental impact study…": et program for å undersøke miljøeffekter (eller liknande)

Vi finn nok engelsk bak desse formuleringane også:

"dei har signert ei større samarbeidsavtale" (signed): dei har skrive under på….

"Trafikken er på rute" (on route): Trafikken er i rute

"de legendariske heltene av Telemark": de legendariske heltene fra…

 

Ein del faste uttrykk på engelsk blir brukt mye i norsk no, som fit for fight. Her kan ein jo seie klar for kamp. Ver elles varsam med å bruke desse orda med engelsk tyding: Karakter ('character') i teater og film heiter mellom anna rolle på norsk, og opsjon ('option') tyder forkjøpsrett, kjøpsrett, ikkje val.  Vi låner det vi treng, ikkje det vi har eller kan formulere på ein annan måte. Dette må ikkje tolkast som noka forakt for engelsken, så det er sagt, men alt til si tid… 

                                               post@skriftogtale.no (c) Skrift og tale 2008