Til Skrift og tale

Aktuelle moteord

 

Kva ord som fell spesielt i smak, endrar seg stadig. For tida er mellom anna ’euforisk’ inn, eit anna gromord er ’modus’. Slike uttrykk blir lett brukt altfor mye. Da kan det vere nyttig å hugse andre ord ein kan bruke.

 

Her er eit lite utval av ord som kanskje blir brukt i meste laget.

 

case (/keis/): tilfelle, eksempel, sak: Afrika er et spesielt case

drifte: drive, halde i gang, halde ved like: …og det skal driftast av grendeutvalet

eksepsjonell: uvanleg, eienståande, som er heilt utaom det vanlege

eminent: framståande, framifrå, ypparleg

eskalere: trappe opp, auke; gje større omfang og intensitet

euforisk: av eufori, velvære framkalla av stimuli: Stemninga er helt euforisk 

high tech/hi-tech (/haitekk/): høgteknologi, avansert teknisk metode eller utstyr

hunch (/hønsj/): kjensle, aning, varsel, ymt, inntrykk, teikn, påminning: Jeg fikk en hønsj, ja

ikon: 1) menneske som vi let personifisere ein eigenskap eller ein aktivitet; heidersmenneske, gallionsfigur?; 2) måleri av Jesus, Maria eller helgenar; 3) grafisk symbol i dataverda

modus: innstilling, måte: Har du komme i feriemodus?

kjemperatings:  kjempeoppslutning, kjempehøge sjåartal (lyttartal)

signifikant: klar, karakteristisk, ikkje tilfeldig

time-out (/taimaot/): pause, mellombels stopp: Så da er det taimaot på fire år…

trigge: løyse ut, starte, setje i gang (styrkje?)

jpv